Tilbake

 

Litt om meg...

Mitt navn er altså Valborg Elisabeth Gimmestad. Eg er 21 år, og oppheld meg for tida i Bergen ilag med min kjære forlovede, Kjetil. Vi kjem begge frå den vakre kommunen Gloppen, som ligg i Nordfjord i Sogn og Fjordane. Planen er å flytte tilbake dit når eg er ferdig med utdanninga mi - forhåpentlivis er eg då blitt lege. Kjetil  er utdanna ingeniør og jobbar hos Solberg & Andersen.

På fritida likar eg veldig godt å trene - og då helst kondistrening som jogging eller spinning. Eg er veldig glad i friluftsliv. Elskar å gå toppturar . Snø er ingen hindring - tvert imot - med telemarkskia på beina er det fantastisk!!  (Oppoverturen er flott - nedover endå beire:)

 

 

 

 

 

 

Å vere ilag med vener set eg stor pris på. Eg seier skjeldan nei til ein hyggekveld ilag med godt selskap - med eller utan alkoholhaldig drikkevarer..:)

 

 

 

Min kjære og meg..

Eg diggar alle slags handverks-hobbyar.. Strikking, Scrapbooking og sjølvsagt Smykkelaging er småting eg likar å dille med på kveldane.. (sjølv om eg ikkje driv nokon av hobbyane på særleg avansert nivå!:) Eg kunne også godt tenke meg å begynne å måle.

Etter eit par år med poengsanking gjekk ein stor draum i oppfyllelse i haust: Eg kom inn på medisin!! Så vi blir nok verande her i nokre år framover.. Men det har vi lite imot, vi trivst kjempegodt i Bergen! (sjølv om det kan vere dagar då det følest som vi skal regne vekk...at det regnar i Bergen er altså ingen myte!)

Fram mot medisindraumen har eg studert kjemi. Først eit år på NTNU i Trondheim, så eit år her i Bergen på UiB. Ved sidan av det tok eg 2BI og 3BI + at eg tok opp att 1MX og 2KJ. Sjølv om dei åra vart ganske hektiske, så har eg mykje att for dei no.. Eg har fått ein del fritak, og dessutan er det mykje repitisjon. Eg har faktisk aldri hatt eit så roleg semester! Herleg!!