Min smykkehobby
På denne sida har eg samla litt om det å lage eigne smykker. Det er ein kjempefin hobby! Ikkje berre er det kjekt å lage smykkene, men resultatet blir noko flott som du kan fiffe opp antrekket med til kvardags eller fest. Det er heller ikkje vanskeleg. Berre kreativiteten set grenser for kva du kan lage. Det er faktisk ganske overraskande kor lett det er å lage kjempeflotte smykker.
Eg sjølv er berre ein amatør, for eg har ikkje holdt på med hobbyen særleg lenge. Men når eg starta sakna eg råd, tips og inspirasjon til å komme igang, og det tenkte eg at eg skulle skrive litt om her..