Min smykkehobby

 

Verktøy og materialer

For å lage smykker treng du litt verktøy, og utstyr til det smykket du ønske å lage. Her vil eg gje deg ei lita oversikt over det mest vanlege utstyret. Det aller meste av utstyr og verktøy får du kjøpt i hobbyforretninger eller perlebutikka. Eg har for det meste brukt Panduro.
 

 

Redskap
Avbitertang til å klippe metalltråd.
Flattang til å klemme smykkeklemmer flate.
Rundtang til å bøye metalltråd.

Tråd
Metalltråd i ulike typar og størrelsar. Denne tråden fins i fargene rustfri sølv, kopar, messing og gull.
Metallic lakkert kopartråd i forskjellige fargar og nyansar.
Smykkewire er ein lett tvunna, tynn ståltråd belagt med plast. Den passar godt til alle typar smykke der tråden synes. Den fins i fargane svart, gull og sølv.                                                                         Voksa lin- og bomullstråd brukast t.d. til å lage knyte-smykker. Tre perler på tråden og lag ein knute på kvar side av perla slik at den sit fast.
Memorywire er spiralwire som fins i tre forskjellige lengder. Dei forskjellige lengdene passar til halskjede, armband og ring.

Låsar
Det fins fleire typar smykkelåsar. Velg ein lås som passar til smykket du skal lage.

Stor ringlås passer yppelig til dei hekla armbanda.
Karabinlås med ring fins i fargane gull, sløv og tinn, passar til enkle kjeder og armband.
Lås med motring fins i fleire forskjellige størrelsar og fargar. Denne låsen brukast ofte til lenker.
Store smykkelåsar i ekte sølv passer til smykker og armband med det lille ekstra.
Smykkelås til wire fins i fargane gull og sølv. Dei festar ein ved å klemme dei fast til wiren med ei flattang.

Smykke- eller wireklemmer
Dette er små klemmer som fins i fargane gull, sølv eller svart. Klemmene tres på før og etter perla og klemmast flate med flattang. Dei vert også brukt som avslutning før låsen.

Metallstavar
Stavane fins i sølv- og gullfarge. Dei har eit auge eller lite hovud i enden som stoppar perla.

Lenker
Lenker fins i ulike farger og fasongar, og kan kjøpast i pakkar på 1 meter eller i metervare.

Ringar
Fingerringar med plate til dekor eller med hol til å feste t.d. stavar med perler kjøpas ferdig.

Øyreringer og hårspenner finst i stort utvalg.

Perler
Desse fins i alle mulege farger og fasonger.

Knappar
Kan vere ein dekorativ detalj, eller danne eit heilt smykke.

Anheng
Anheng får du kjøpt ferdige, men du kan også lage dine eigne.

Merinoull
Ull fins i eit bredt spekter av flotte fargar. Ypperleg til å filte smykker i kombinasjon med perler.

Fløyels- og silkeband
Band får du kjøpt i ulike bredder og utallige fargar.



 

 

 

 

 

~ Tilbake ~

~ Framsida ~

 

~ Verktøy og materialer ~

~ Oppskrifter ~

~ Galleri ~

~ Nyttige smykkelinkar ~